Fotocredit:

Kortprogram 2019

Kortprogram 2019-2023
Miljøpartiet dei grøne Klepp – For mennesker og miljø

kva vil Dei Grøne i Klepp?

 

BEREKRAFT OG MILJØ

  • Arbeida for ein endring i forbruksvanar til det beste for klima, artsmangfald og menneska sjølv.
  • At kommunen skal føra ein ansvarleg politikk, i prioriteringar og gjennomføring av byggeprosjekt. Fokus er sambruk, energisparing, avfallshandtering og materialbruk.
  • Ha fleire grøne offentlege rom. Tre og buskar som gjer le for vinden og skapar lunare møteplassar utandørs.
  • Oppretta ei miljø- naturrådgjevarstilling i Klepp kommune.
  • Fortsetja å følga opp kommunes klima- og miljøplan, samtinnføra klimarekneskap og -budsjett.
  • Oppretthalda fokus på rydding av strender og rundt vassdrag i kommunen.

BARN FOR FRAMTIDA

  • Ha leksefri skule frå 1. – 4. trinn.
  • At alle elevar skal ha minst ein time fysisk aktivitet på skulen kvar dag.
  • At barn og unge sin kvardag skal vera trygg, innkluderande, varm og mobbefri.
  • Styrkja tidleg innsats for barn med ekstra utfordringar.
  • Innføra eit gratis skulemåltid for alle elevane i grunnskulen. Maten skal vera sunn og berekraftig.
  • La lærar få lov til å vera lærar og gjera det han kan best – gje undervisning med høg kvalitet til elevane.

HELSE OG VELFERD

  • Bruka mat aktivt som helsefremjande tiltak. Me ønskjer at det skal serverast mat, laga lokalt, i alle kommunale institusjonar og verksemder.
  • Ikkje konkurranseutsetja pleie- og omsorgstjenestar.
  • Gje omsorgsarbeidarane meir tid til å ta seg av brukarane.
  • At kommunen skal styrkja arbeidet med å gje eldre opplevingar og stimulans i kvardagen.
  • At alle med ekstra behov må få tilbod om oppfølging og hjelp på ein verdig og respektfull måte.
  • Ikkje inkludera barnetrygda når inntektsgrunnlaget for sosialhjelp skal reknast ut.

KULTUR OG FRITID

  • Ha gode fritidstilbod for dei unge i alle krinsane i kommunen.
  • Støtta og driva fram det frivillige arbeidet, som allereie vert drive godt i Klepp.
  • Lyfta fram og ta vare på kommunen sine kulturminne.
  • At leikeplassane i Klepp, både i friareal, på skular og i barnehagar, skal vera naturlege områder som stimulerer til motoriske ferdigheiter i naturleg terreng.
  • Skapa ein felles arena for både idrett- og andre kultur- og fritidsaktivitetar.
  • At det skal brukast miljøvennleg fyll i kunstgrasbanane, for å hindra spreiing plast og mikroplast til omgjevnadane.

SAMFERDSEL

  • At kommunen held fram med å bidra til styrking av kollektivtilbodet.
  • Ha betre busstilbod innad i kommunen ved å prøva ut ordning med hentebuss.
  • Ikkje finansiera vegbygging med bomringar i Klepp.

LANDBRUK OG NÆRING

  • Stoppa all nedbygging av matjord i Klepp.
  • Stimulera til berekraftig landbruk, som tek omsyn til naturmangfaldet i Klepp.
  • At kommunen støttar, oppmuntrar og gjer det lettare å gå over til miljøvenleg drift i allereie etablert landbruk- og næringsdrift.
  • Innføra innkjøpsavtalar for økologiske og lokalproduserte matvarer i alle offentlege institusjonar.
  • Ha ein matproduksjon som er basert på norske ressursar, som kan produsera nok og trygg mat med så låg belastning på natur og miljø som råd.

GLADE DYR OG MANGFALD

  • Fremma tiltak for å behalda vipa og levedyktige bestandar av andre raudlista dyre- og planteartar.
  • Restaurera våtmarker. Våtmarker er reinsande for avrenning frå jordbruket, dei er drenerande og inneheld mangfaldig dyre- og planteliv.
  • La naturmangfald bli meir vektlagt i plansaker og heva kunnskapane om naturverdiar i Klepp.
  • Ha ein kommune der alle dyr har det godt, både ville dyr, husdyr og kjæledyr.

VÅRT MÅL:
Målet til Miljøpartiet Dei Grøne er eit medmenneskeleg
samfunn i økologisk balanse. Økonomien skal vere underordna sunne økologiske prinsipp og fremje fred og rettferd både lokalt og globalt. Livskraftige lokalsamfunn, i hovudsak basert på lokale ressursar, er ein føresetnad for å nå målet.

 

FOLKERØYSTA
Me trur på grasrotdemokratiet og at folk har rett til å påverka.
Me ynskjer at det skal vera eit sakleg og opent debattklima i kommunen. Dei folkevalde skal kunna utføra sine verv i trygge omgivnader.