Valprogram 2019

Valprogram 2019-2023
Klepp – ein grøn kommune
Tenk nytt, stem grønt!

 

Målet til Miljøpartiet Dei Grøne er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Økonomien skal vere underordna sunne økologiske prinsipp og fremje fred og rettferd både lokalt og globalt. Livskraftige lokalsamfunn, i hovudsak basert på lokale ressursar, er ein føresetnad for å nå målet.

 

MILJØ OG BEREKRAFTIG FORBRUK

Me trur på ei positiv endring av forbruksvaner til det beste for miljøet og balansen på planeten. Ein snuoperasjon i forbruket til det beste for klima, artsmangfald og menneska sjølv. Eit sunt og reint naturmiljø er avgjerande for trivsel og helse. Me vil at utslepp og bruk av gift og mikroplast i ulike samanhengar skal stansast.

 

Dei  Grøne vil: 

  • At kommunen skal føra ein ansvarleg politikk, i prioriteringar og gjennomføring av byggeprosjekt. Fokus er sambruk, energisparing, avfallshandtering og materialbruk. I Klepp kommune skal det byggjast mykje dei komande åra. Då er det viktig å tenkja langsiktig og berekraftig.
  • Arbeida for å redusera matsvinn i kommunen.
  • Minka forbruket og fremma livskvalitet i staden for materielle godar. Me vil ikkje at butikkar skal utvida opningstidene og me vil leggja til rette for gjenbruk, bytte og reperasjon av brukte ting. Kommunen bør tenkja både miljø- og etikk i sine innkjøp.
  • At ein i kommunen og næringslivet tek vare på og restaurerer framfor å riva eksisterande bygningsmasse.
  • Ha fleire grøne offentlege rom. Tre og buskar som gjer le for vinden og skapar lunare møteplassar utandørs. Ein kan så og planta insektvenlege vekstar rundt kommunale verksemder og i friområde.
  • Oppretta ei miljø- naturrådgjevarstilling i Klepp kommune. Me må ta vare på det me har igjen av naturlege områder i kommunen, og restaurera der det er mogleg.
  • At me skal fortsetja å følga opp kommunes klima- og miljøplan, samt innføra klimarekneskap og -budsjett.

 

BARN FOR FRAMTIDA

Me trur på ein skule som ser heile mennesket, og som gjer lærarane tillit og tid til kvar enkelt elev. Skulen skal stimulera til samfunnskritisk tenking og leggja vekt på praktiske ferdigheiter og erfaringar. Skulen er også ein eigna arena for å læra toleranse empati og ikkjevald. Me trur på flotte, grøne område for ungane våre i skulen og i barnehagen.

 

Dei Grøne vil:

  •  Ha leksefri skule frå 1. – 4. trinn og leggja meir vekt på leik og aktivitet på 1. trinn.
  • At alle elevar skal ha minst ein time fysisk aktivitet på skulen kvar dag. Me ynskjer også ei styrking av dei praktisk-estetiske faga. Skulane må få høve til å trekkja dei teoretiske faga inn i ute- og aktivitetstimar og i dei praktisk- estetiske faga.
  • At barn og unge sin kvardag skal vera trygg, inkluderande, varm og mobbefri. Det må vera låg terskel for elevar og foreldre å melda frå til skulen om uønskt åtferd.
  • Styrkja tidleg innsats for barn med ekstra utfordringar. Førebygging er alltid betre enn reparasjon. «Det er lettare å skapa sterke born enn å reparera vaksne». Me vil styrkja tidleg innsats for barn som slit. Auka vaksentettleik både i barnehage og skule.
  • Innføra eit gratis skulemåltid for alle elevane i grunnskulen. Maten skale vera sunn og berekraftig. Dette vil jamna ut sosiale forskjellar og gjera kvardagen smidigare for barnefamiliar.
  • La lærar få lov til å vera lærar og gjera det han kan best – gje undervisning med høg kvalitet til elevane.
  • Ha skular og barnehagar med naturlege uteområder og skulehagar som elevane kan engasjera seg i, både i skuletida og på sfo.

 

KLEPPSBUEN SI HELSE OG VELFERD

Me trur på omsorg tilpassa den enkelte sine behov og ønskjer. Som menneske har me alle ekstra behov i periodar. Enten når me er barn, gamle eller nokre gonger og i vår beste alder. Me trur på at alle med ekstra behov må få tilbod om oppfølging og hjelp på ein verdig og respektfull måte. Omsorgsarbeidarar skal ha tid til å ta seg av brukarane på ein god måte. Helse og velferd må sjåast i samanheng med andre livsområde. Ein grøn politikk som tek sikte på å redusera helseskadar frå ureining, prestasjon- og forbrukspress og tidsklemma er helsefremjande.

 

Dei Grøne vil: 

  • Bruka mat aktivt som helsefremjande tiltak. Me ønskjer at det skal serverast mat, laga lokalt, i alle kommunale institusjonar og verksemder, både til dei eldre og elevar. Lokalprodusert mat er å føretrekkja.
  • Ikkje konkurranseutsetja pleie- og omsorgstjenestar. Me vil ha eit sterkt offentleg helse- og omsorgstilbod til alle
  • Gje omsorgsarbeidarane meir tid til å ta seg av brukarane.
  • At kommunen skal styrkja arbeidet med å gje eldre opplevingar og stimulans i kvardagen.
  • Ikkje inkludera barnetrygda når inntektsgrunnlaget for sosialhjelp skal reknast ut.
  • Sikra språkopplæring for alle innvandrarar, i samarbeid med frivillige lag.
  • Behalda legevakta for Klepp og Time.

 

KULTUR OG FRITID

Me trur på at alle skal ha høve til å uttrykke seg og oppleve kultur, og det skal ikkje vera nødvendig å reise til eit større sentrum for å gjera det. Barn og unge skal ha tilgang til eit allsidig tilbod av kulturaktivitetar og det skal vera plass for alle i kulturskulen. Det er viktig å ta vare på kulturarven vår slik at også komande generasjonar kan bli kjende med kulturen og historia vår.  Me må ta vare på kommunens turområde og leggja til rette for at innbyggjarane kan sykla og gå mest mogleg.  

 

Dei Grøne vil: 

  • Ha gode fritidstilbod for dei unge i alle krinsane i kommunen. Dei unge treng møteplassar som er tilgjengelege og inkluderande.
  • Støtta og driva fram det frivillige arbeidet, som allereie vert drive godt i Klepp.
  • Ha opne symjehallar heile året.
  • Lyfta fram og ta vare på kommunen sine kulturminne. Kjennskap til kommunen si historie og kultur kan gje forankring og trivsel for alle innbyggarane her.
  • At leikeplassane i Klepp, både i friareal, på skular og i barnehagar, skal vera naturlege områder som stimulerer til motoriske ferdigheiter i naturleg terreng. Me bør unngå «dødt» underlagsmateriale, som asfalt og fallmatter, som fører til utslepp av mikroplast.
  • At det skal brukast miljøvennleg fyll i kunstgrasbanane, for å hindra spreiing plast og mikroplast til omgjevnadane.
  • Skapa ein felles arena for både idrett- og andre kultur- og fritidsaktivitetar.

 

SAMFERDSEL

Me trur på å leggja til rette for kollektivtransport der det er mogleg. Å leggja til rette for sykling fremjar helse og glede og kuttar utslipp og kø, og lufta vi alle pustar i blir reinare. Bil er nødvendig for dei som bur på bygda, men ein kan minka bruken med ulike tiltak.

 

Dei Grøne vil:

  • Ikkje finansiera vegbygging med bomringar i Klepp. Me vil ikkje støtta tiltak som vil føra til auke i biltrafikken.
  • At kommunen held fram med å bidra til styrking av kollektivtilbodet.
  • Ha betre busstilbod i kommunen ved å prøva ut ordning med hentebuss.

 

LANDBRUK OG NÆRING

Kortreist og giftfri mat bidreg positivt i klimaregnskapet, og sjølvforsyning av mat kan bli svært viktig for oss framover. Landbruket speler ei viktig rolle i det grøne skiftet. Bonden sitt arbeid er grunnlaget for vår eksistens, og bonden er og skal vera sjølvstendig næringsdrivande. Det er eit samfunnsansvar at maten vi et blir dyrka ut frå naturgjevne føresetnader og ressursgrunnlag. Fossildominert næringsverksemd er ei av årsakene til klimakrisa, og me treng større bredde i næringslivet i regionen. Den industrien og det næringslivet vi har i Klepp, har alle potensialet til å blir grøne verksemder. Vi vil styrke det lokale næringslivet og fremja grøn omstilling. Oppgåva til landbruket og anna næringsverksemd er å driva ein produksjon med så låg belastning på natur, miljø og klima som råd.

 

Dei Grøne vil: 

  • At all matjord skal vernast.
  • Stimulera til berekraftig landbruk, som tek omsyn til naturmangfaldet i Klepp. Me må ha meir fokus på regenerative og økologiske dyrkingsmetodar.
  • Ha tett og god dialog med bøndene om korleis landbruket kan drivast lønnsamt og
    miljøvennleg.
  • Innføra innkjøpsavtalar for økologiske og lokalproduserte matvarer i alle offentlege institusjonar. Samt arbeida for aukaomsetjing av lokale varer via kjedebutikkane.
  • Legge til rette for Bondens marknad, rekoring og andre direktesalsløysningar.
  • At det skal etablerast skulehagar og parseller og fleire
    andelsbruk.
  • Samla teigar for å minke traktorkøyring og såkalla «dieseljordbruk».
  • Ha infrastruktur i form av dataforbindelse/breiband i heile kommunen.
  • Innføra kommunal støtte til installasjon av solstraumanlegg for å få i gang denne marknaden.
  • At kommunen støttar, oppmuntrar og gjerdet lettare å gå over til miljøvenleg åtferd i den etablerte industrien og forretningsverksemda som finst allereie.

 

GLADE DYR OG MANGFALD

Me trur på ein kommune der dyra har det godt, både ville dyr, husdyr og kjæledyr. Produksjonsdyr som blir behandla godt gjev mat av høgare kvalitet. Det er både sunnare og meir etisk rett å behandla dyra med respekt. Dyr har følelsar. Korleis vi behandlar dyra våre, og kva respekt vi har for dyr og deira eigenverdi, seier mykje om det samfunnet vi lever i. Me lever i dag i det som vert kalla den sjette masseutrydding av artar. I motsetnad til tidlegare masseutryddingar er denne eit resultat av menneska sitt virke og livsførsel, og går mykje raskare enn tidlegare. Me har ansvar for å stagga denne utviklinga.

 

Dei Grøne vil: 

  • Fremma tiltak for å behalda vipa og levedyktige bestandar av andre raudlista dyre- og planteartar.
  • Restaurera våtmarker. Våtmarker er reinsande for avrenning frå jordbruket, dei er drenerande og inneheld mangfaldig dyre- og planteliv.
  • La naturmangfald bli meir vektlagt i plansaker og heva kunnskapane om naturverdiar i Klepp.
  • Ha ein kommune der alle dyr har det godt, både ville dyr, husdyr og kjæledyr.
  • At arbeidet med å rydda strender og rundt vassdrag skal fortsetja. Forsøpling og forureining skadar det verdifulle dyre- og plantelivet der.

 

FOLKERØYSTA

Me trur på grasrotdemokratiet og at folk har rett til å påverka. Me ynskjer at det skal vera eit sakleg og opent debattklima i kommunen. Dei folkevalde skal kunna utføra sine verv i trygge omgivnader.

 

Dei Grøne vil:

  • At informasjon, både om den generelle politiske arbeidet og om enkeltsaker, skal nå innbyggjarane.
  • Nytte moderne kommunikasjonsteknologi betre, for å skape auka openheit og større deltaking i meir kompliserte saker.
  • At kommunen skal fortsetja å ha fokus på klart språk i både politiske og administrative tekstar.